Transe (av fransk transe, 'svime') er ein søvnaktig tilstand der ein er umedviten eller halvt medviten og opplever nedsetting av inntrykk, realitetssans og viljekontroll enn normalt.[1]
Transe kan vera eit symptom på dissosiative tilstandar og nokre andre mentale lidingar, eller det kan vera eit resultat av hypnose eller gruppeprosessar. Rituale med lyd, rytme og sterk affekt kan brukast for å setja ein person inn i ein slik tilstand.[1]