Trondheim kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Trondheim | ||
Areal | 528,60 km² | ||
• land | 500,39 km² | ||
• vatn | 28,21 km² | ||
Folketal | 214 565 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Kent Ranum (H) | ||
Kommunenr. | 5001 | ||
Trondheim kommune 63°25′41″N 10°23′49″E / 63.42811°N 10.39687°E | |||
Kart som viser Trondheim kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Trondheim | |||
Nettstad: trondheim.kommune.no |
Trondheim kommune (sørsamisk: Tråanten tjïelte[1]) er ein kommune i Trøndelag fylke. Administrasjonssenteret i kommunen er byen Trondheim.
Trondheim kommune omfattar halvøya Byneset i vest, og strekkjer seg ned til osen av elva Gaula i Trondheimsfjorden i sør, og til Jonsvatnet og Ranheim i aust. Kommunen grensar i aust mot Malvik kommune, og i sør mot kommunane Selbu, Klæbu og Melhus. Dei noverande kommunegrensene vart vedtekne i 1. januar 1964, då dei fire nabokommunane Strinda, Tiller, Leinstrand og Byneset vart slegne saman med Trondheim. Ved samanslåinga vart arealet til kommunen utvida frå 41 km2 til 342 km2, og innbyggjartalet vart nesten dobla.
Kommunen er med innbyggjarar den tredje største kommunen i Noreg.