Tsjekkia

Česká republika

(norsk: Tsjekkia, tsjekkisk)

Det tsjekkiske flagget Det tsjekkiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Kde domov můj»
Motto Pravda vítězí. (Sanninga sigrar)
Geografisk plassering av Tsjekkia
Offisielle språk Tsjekkisk
Hovudstad Praha
Styresett
Republikk
Petr Pavel
Petr Fiala
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
78 867 km² (115.)
2 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
10 674 723 (84.)
135,4 /km² (62.)
Sjølvstende
Delinga av Tsjekkoslovakia
1. januar, 1993
Nasjonaldag 28. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
331 400 mill. USD (49.)
34 300 USD (39.)
Valuta koruna
Tidssone UTC +1
Telefonkode +420
Toppnivådomene .cz


Den tsjekkiske republikken eller berre Tsjekkia (tsjekkisk Česká republika eller Česko) er eit land på grensa mellom Aust- og Mellom-Europa, og er omgjeve av land på alle kantar. Det grensar mot Tyskland i vest, Austerrike i sør, Slovakia i aust og Polen i nord. Landet vart oppretta 1. januar 1993 og omfattar dei historiske områda Böhmen (tsjekkisk Čechy) og Mähren (Morava), i tillegg til ein liten del av Schlesien (Moravské Slezsko). Landet utgjorde fram til 1993 saman med det noverande Slovakia staten Tsjekkoslovakia. Tsjekkia blei med i NATO i 1999 og i EU i 2004.


Developed by StudentB