Tuesday Afternoon

Tuesday Afternoon
av The Moody Blues
frå albumet Days of Future Passed
B-side

Another Morning

Språk engelsk
Utgjeve 20 juli 1968
Innspelt 22. oktober 1967
Sjanger Barokk pop, psykedelisk pop
Lengd 8:23 (album)
2:16 (singel)
Selskap Deram Records
Komponist Justin Hayward
Tekstforfattar Justin Hayward
Låtskrivar(ar) Justin Hayward
Produsent Tony Clarke
The Moody Blues-kronologi 
«Nights in White Satin»
(1967)
Tuesday Afternoon «Voices in the Sky»
(1968)


«Tuesday Afternoon» (stundom kalla «Forever Afternoon (Tuesday?)» eller berre «Forever Afternoon») er ein singel frå 1968 av det engelske symfoniske rockebandet The Moody Blues, og opphavleg gjeven ut på albumet Days of Future Passed i 1967 i to delar.

Den første delen, som er mest kjend, er kalla «Tuesday Afternoon», vart gjeven ut på The Moody Blues på albumet Days of Future Passed i 1967. På albumet er del ein av «The Afternoon» kalla «Forever Afternoon (Tuesday?)».

Justin Hayward skreiv songen som «Tuesday Afternoon», men produsenten Tony Clarke kalla han «Forever Afternoon (Tuesday?)» på albumet, men då han vart gjeven ut på singel året etter, vart han kalla «Tuesday Afternoon» igjen, og har sidan som regel hatt dette namnet.

Singelen kom ut i 1968 og var den andre singelen frå albumet etter «Nights in White Satin». På b-sida var «Another Morning», som òg er frå Days-albumet.

Den andre halvdelen av albumversjonen vert kalla «(Evening) Time to Get Away», som ikkje er omtalt på plateomslaget. Denne er skriven av John Lodge.

I 2009 vart «Tuesday Afternoon» nytta i ein reklame for Visa-kort.


Developed by StudentB