Tundra er eitt av hovudøkosystema eller biomane på jorda. Han består av trelause område nord og sør for den polare skoggrensa. Omgrepet tundra kjem frå kildinsamisk, der det er genitivsforma av tundar, som tyder 'trelaus slette'.
Det er lite tundra på den sørlege halvkula fordi det er lite land på breiddegradene det er snakk om. Det meste av dette økosystemet ligg i Russland, Canada og Alaska.