Ulm | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Baden-Württemberg Tübingen Kreisfri by |
Først nemnd i | 854 |
Ordførar | Gunter Czisch (CDU) |
Geografi | |
Flatevidd - By |
118,69 km² |
Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik |
117 977 994/km² |
Koordinatar | 48°24′0″N 9°59′0″E / 48.40000°N 9.98333°E |
Høgd over havet | 458-645 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 89073-89081, 89160 |
Telefon-retningsnummer | 0731, 07304, 07305, 07346 |
Bilnummer | UL |
Heimeside: www.ulm.de |
Ulm er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 117 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Donau og er kreisfri by som er administrativt sete for landkreisen Alb-Donau. Saman med nabobyen Neu-Ulm på den andre sida av elva er det om lag 165 000. Neu-Ulm ligg derimot i delstaten Bayern. Dei næraste større byane er Augsburg og München i søraust og Stuttgart i nordvest.
Ulm, som vart grunnlagd rundt 850, har ei rik historie og tradisjonar som ein tidlegare fri keisarby. I dag er han eit økonomisk senter med forskjellige industriar, og har mellom anna eit universitet grunnlagd i 1967. Internasjonalt er Ulm kjend for kyrkja Ulmer Münster og som fødestaden til Albert Einstein. Ulmer Münster har det høgaste kyrkjetårnet i verda med ei høgd på 161,5 meter og 753 trappesteg. Frå toppen er det av og til utsyn heilt fram til Alpane.