Urindoeuropeisk

Urindoeuropeisk, eller protoindoeuropeisk, er eit hypotetisk urspråk som er felles opphav for dei indoeuropeiske språka.[1] Dei føreslåtte eigenskapane ved språket er avleidde gjennom lingvistisk rekonstruksjon frå dokumenterte indoeuropeiske språk. Det finst ikkje nokon direkte dokumentasjon på språket.[2] Det finst to hovudteoriar om kva tid det vart talt: Ifølge Kurganhypotesen oppstod det på 3000-talet f.Kr. i Sentral-Asia, men ifølge Anatoliahypotesen så tidleg som på 6000-talet f.Kr. i Anatolia.

  1. «Indo-European languages – The parent language: Proto-Indo-European». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 19. september 2021. 
  2. «Archaeology et al: an Indo-European study» (PDF). School of History, Classics and Archaeology. The University of Edinburgh. 11. april 2018. Henta 1. desember 2018. 

Developed by StudentB