VM i friidrett 1983

Finsk frimerke frå 1983

Verdsmeisterskapen i friidrett 1983, den alle fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, vart avvikla på Olympiastadion i Helsingfors frå 7. til 14. august 1983. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 17 for kvinner. Frå 153 deltakarland vart påmeldt 1572 utøvarar.

Under meisterskapen vart sett to verdsrekordar. USA sitt lag på 4x100 meter stafett for menn fekk notert 37,86 sekundar. Jarmila Kratochvílová som representerte Tsjekkoslovakia vart fyrste kvinne under 48 sekundar på 400 meter med tida 47,99.

Norske Grete Waitz vart den aller fyrste verdsmeisteren i friidrett då ho vann opningsdistansen i meisterskapen, maraton for kvinner. Per Erling Olsen vart nummer fem i spydkast.


Developed by StudentB