Denne artikkelen er om politiske val. For den kognitive prosessen val; sjå her
Val er beslutningsprosessar der folk røystar for sine favorittar blant fleire alternativ, og fordelinga av røystene avgjer kva som vert utfallet av prosessen (kven som vinn). Val er den vanlege måten å utpeika kven som skal sitja i viktige politiske posisjonar i eit demokrati (eller eit indirekte demokrati) på.
Noreg har eit styresett som er basert på stortingsval kvart fjerde år. Dette valet fastset samansetnaden av Stortinget og (indirekte) regjeringa, som styrer nasjonen. To år etter kvart stortingsval blir det halde kommune- og fylkestingsval som peiker ut dei politikarane som skal styra lokalt, det vil seia på kommune- og fylkesnivå.
Ulike samfunn har ulike valsystem, og ingen av dei vil kjennast heilt rettvist for alle. Difor er alle røystemetodane utsette for kritikk. Den vanlegaste måten å røysta på, er at kvar røysteføre innbyggjar har ei røyst, som ho gjev til den kandidaten ho vil skal vinna.