Ripablik blong Vanuatu Republic of Vanuatu République du Vanuatu (norsk: Vanuatu, vanuatisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Yumi, Yumi, Yumi» | ||||||
Motto | Long God Yumi Stanap ('Vi står ved Gud') | ||||||
Offisielle språk | Bislama, engelsk og fransk | ||||||
Hovudstad | Port Vila | ||||||
Styresett |
Republikk Baldwin Lonsdale Joe Natuman | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
12 189 km² (159.) 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
282 814 (177.) 23,2 /km² (157.) | ||||||
Sjølvstende Frå Frankrike og Storbritannia |
30. juli 1980 | ||||||
Nasjonaldag | 30. juli | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
676 mill. USD (187.) 2 800 USD (163.) | ||||||
Valuta | Vatu | ||||||
Tidssone | UTC +11 | ||||||
Telefonkode | +678 | ||||||
Toppnivådomene | .vu
|
Vanuatu er eit land som ligg i den sørlege delen av Stillehavet. Vanuatu består av ei rekkje mindre øyar som ligg ca. 1 750 km aust for Australia, 500 km nordaust for Ny-Caledonia, vest for Fiji og sør for Salomonøyane. Koloninamnet var Ny-Hebridane. Dette namnet er ikkje lenger i bruk unnateke til historisk bruk.