Ein vokal eller sjølvljod er ein fon (ein ljod) som vert laga med ein ubroten luftstraum gjennom munn, som til dømes dei siste ljodane i dei norske orda ni, ny, du, mo, be, bø, må, bæ og sa. Meir presist kan vokalen definerast slik:
Luftstraumen slepp ut or munnen langs midten av tunga
Luftstraumen er ikkje hindra av eit fullstendig lukke i munnen, eller av ei innsnevring som er så sterk at det oppstår høyrleg friksjon
Den sterkaste innsnevringa finst mellom tungeryggen (dorsum) og munntaket
Nemninga vert òg nytta på bokstavar som står – eller stod – for vokalljod.