Wallis-Alpane

Wallis-Alpane
fransk Alpes valaisannes, tysk Walliser Alpen, italiensk Alpi Wallis
Fjellkjede
Utsyn over Wallis-Alpane frå Riederalp
Land  Sveits,  Italia
Regionar Valais, Piemonte, Aostadalen
Del av Alpane
Grensar til Dei graiiske Alpane, Dei lepontinske Alpane, Bern-Alpane
Høgaste punkt Dufourspitze
 •  høgd 4 634 moh.
 - koordinatar 45°56′12″N 7°52′00″E / 45.93667°N 7.86667°E / 45.93667; 7.86667
Kart
Wallis-Alpane
45°58′39″N 7°39′35″E / 45.9775°N 7.6597222222222°E / 45.9775; 7.6597222222222
Dei sentrale Alpane
Dei sentrale Alpane
Dei sentrale Alpane
Wikimedia Commons: Pennine Alps

Wallis-Alpane (italiensk Alpi Pennine, fransk Alpes valaisannes, tysk Walliser Alpen) er ei fjellkjede i den vestlege delen av Alpane. Fjelltoppane ligg kring grensa mellom Sveits (Valais) og Italia (Piemonte og Aostadalen). Col Ferret ligg mellom fjellkjeda og Mont Blanc-massivet, på andre sida av Dora Baltea-dalen ligg Dei graiiske Alpane, Simplonpasset skil dei frå Dei lepontinske Alpane og på andre sida av Rhônedalen ligg Bern-Alpane.

På den italienske sida vert vatnet drenert ut via elvane Dora Baltea, Sesia og Toce, sideelvar til Po. På den sveitsiske sida renn vatnet ut i Rhône.

Store St. Bernhard-tunnelen under det Store St. Bernhard-passet går frå Martigny i Sveits til Aosta i Italia.


Developed by StudentB