Warren Cann | |||
Warren Cann i 2009 | |||
Fødd | 20. mai 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Victoria i British Columbia | ||
Fødenamn | Warren Reginald Cann | ||
Opphav | Canada | ||
Instrument | trommesett | ||
Verka som | trommeslagar, låtskrivar |
Warren Reginald Cann (fødd 20. mai 1950)[1] er ein kanadisk trommeslagar og trommemaskinprogrammerar, mest kjend som medlem i det britiske new wave-bandet Ultravox.
Cann vart invitert med i føregangaren til Ultravox, Tiger Lily, av John Foxx i 1975. Han var medlem i Ultravox fram til 1986, då han fekk sparken etter ei usemje med dei andre bandmedlemmane. Han var òg aktiv utanfor Ultravox, og har spelt for artistar som Zaine Griff, Peter Godwin, Helden og Mecano. Ei stund etter flytta han til Los Angeles og vart filmmusikkomponist.[2] I 2008 vart han samla med Ultravox igjen og var med på det første soloalbumet deira på 28 år i 2012.