Wilhelm Friedemann Bach | |||
| |||
Fødd | 22. november 1710 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Weimar i Tyskland | ||
Død | 1. juli 1784 (73 år) | ||
Dødsstad | Berlin i Tyskland | ||
Opphav | Det tysk-romerske riket | ||
Periode | Barokken | ||
Aktiv | 746-1773 | ||
Sjanger | Kammermusikk, symfoni, klavermusikk, konsertverk | ||
Instrument | Orgel | ||
Verka som | Komponist, organist | ||
Mor | Maria Barbara Bach | ||
Far | Johann Sebastian Bach | ||
Gift med | Dorothea Elisabeth Georgi |
Wilhelm Friedemann Bach (22. november 1710–1. juli 1784) var ein tysk organist, kjend improvisatør, og meister i kontrapunkt.
Wilhelm Friedemann var den eldste sonen til Johann Sebastian Bach og etter vanleg oppfatning den dyktigaste. Ulikt resten av familien, hadde han låg arbeidsmoral. Ein kan rekne karrieren hans som ei lang rekkje bortkasta moglegheiter.
Han vart utdanna i Leipzig, og vart i 1733 tilsett som organist i St. Sophia-kyrkja i Dresden. I 1747 vart han musikalsk ansvarleg i Liebfrauenkirche i Halle. Han vart tvungen til å forlate denne posten i 1764, og frå den tid levde han eit utrygt liv, heilt til han døydde i Berlin i 1784.
Svært få av komposisjonane til Wilhelm Friedemann er publiserte. Verka hans omfattar mange kantater og instrumentalverk, der dei viktigaste er fugene, polonesane og fantasiane for klaver, og ein interessant sekstett for strykarar, klarinett og horn. Fleire av manuskripta hans er bevarte i det kongelege bibliotek i Berlin, og ei komplett liste over verka hans, så vidt dei er kjent, finst i Eitner's Quellen Lexikon.