Willie Dixon | |||
Dixon i Harry Hope's i Cary i Illinois i 1979 | |||
Fødd | 1. juli 1915 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Vicksburg i Mississippi i USA | ||
Død | 29. januar 1992 (76 år) | ||
Dødsstad | Burbank i California | ||
Fødenamn | William James Dixon | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1939–1992 | ||
Sjanger | Blues, rock and roll, Chicago blues, jump blues, rhythm and blues, gospel | ||
Instrument | Vokal, kontrabass, gitar | ||
Tilknytte artistar | Big Three Trio, Muddy Waters, Howlin' Wolf, Little Walter, Lowell Fulson, Sonny Boy Williamson, Chuck Berry, Otis Rush, Buddy Guy, Magic Sam, Junior Wells, Otis Spann | ||
Plateselskap | Chess, Cobra, Columbia, Bluesville, Checker, Verve, MCA, Legacy, Columbia, Yambo | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, arrangør, plateprodusent, boksar | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
William James Dixon (1. juli 1915–29. januar 1992) var ein USA-amerikansk bluesmusikar, vokalist, låtskrivar, arrangør og plateprodusent.[1] Han spelte mykje på både kontrabass og gitar, og var òg ein dugande songar, men han er kanskje mest kjend som ein av dei mest produktive låtskrivarane i si tid. Ved sidan av Muddy Waters er Dixon kjend som den viktigaste personen i utforminga av Chicago blues-stilen etter andre verdskrigen.[2]
Songane til Dixon er blitt spelt inn av særs mange musikarar innan mange sjangrar. Ei kort liste over dei mest kjende songane hans er «Hoochie Coochie Man», «I Just Want to Make Love to You», «Little Red Rooster», «My Babe», «Spoonful» og «You Can't Judge a Book by the Cover». Desse songane vart skrivne under toppåra til Chess Records, frå 1950 til 1965, og vart framførte a Muddy Waters, Howlin' Wolf, Little Walter og Bo Diddley. Desse inspirerte seinare ein nye generasjonar musikarar verda over.[3]
Dixon var òg ein viktig link mellom blues og rock and roll, og arbeidde med Chuck Berry og Bo Diddley seint i 1950-åra. Songane hans er blitt spelte av somme av dei største musikarane i nyare tid, som Cream, Jeff Beck, The Doors, Led Zeppelin, The Rolling Stones, Steppenwolf, Bob Dylan og Jimi Hendrix. Debutalbuma til dei seks første av desse artistane inneheld minst ein av songane hans, noko som seier litt om innverknaden han har hatt på rockemusikken.
Han fekk ein Grammy Award og vart innlemma i Blues Hall of Fame, Rock and Roll Hall of Fame og Songwriters Hall of Fame.