Yoga

Tsjolaakulptur av yogagudinne frå Tamil Nadu på 900-talet.

Yoga er eit omgrep med ulike tydingar. I dag viser det som oftast til fysiske og mentale teknikkar, som praktiserast for personleg utvikling av kropp og sinn. Nokre vel også å sjå yoga som ein spirituell eller religiøs praksis.

Yoga har mange ulike retningar med ulikt verdigrunnlag, syn på verda og kva mennesket er. Dette gjev ulik forståing av kva yoga er, kva teknikkar som skal brukast, og korleis desse teknikkane skal praktiserast. Det er vidare usemje om kva som skal vere dei pedagogiske rammene for læring av slike teknikkar.

Tradisjonelt er yoga knytt til hinduismen. I denne samanhengen viser det ofte til ei filosofisk retning innan religionen. Yoga blir her forstått som å byggje på samkhya, ein av dei seks tradisjonelle skulane innan indisk filosofi. Kjernen til retninga er bruken av fleire teknikkar for å sameina sjelen og det guddommelege, mellom anna andeleg reinsking av kroppen. I moderne vestleg samanheng blir ordet hovudsakleg brukt om ei rekke kroppsøvingar som kan brukast til trening, avspenning og meditasjon. Yoga blir også brukt i djainismen, buddhismen og fleire nyare religiøse retningar.

Innan nokre tradisjonar blir yoga brukt til å opna energipunkt som blir kalla chakra.


Developed by StudentB