Nebbdyr | |
Nebbdyr | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av nebbdyr | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Kloakkdyr Monotremata |
Familie: | Ornithorhynchidae |
Slekt: | Ornithorhynchus |
Art: | Nebbdyr O. anatinus |
Vitskapleg namn | |
Ornithorhynchus anatinus |
Nebbdyr (Ornithorhynchus anatinus) er ein art av kloakkdyr (Monotremata) som er stadeigen for nordaustlege, austlege og søraustlege Australia, medrekna Tasmania og King Island.[1] Arten er karakterisert av eit breitt andeaktig nebb, er semi-akvatisk (ferskvatn) og semi-fossorial, og trivst i elver og innsjøar.
Nebbdyret er einaste nolevande art i slekta Ornithorhynchus, som er einaste slekt i familien Ornithorhynchidae. Kloakkdyra omfattar elles fem nolevande arter av pattedyr, som alle legg egg, i staden for å føda levande ungar. Dei nytter også elektrolokalisering for å sansa bytte. Nebbdyret tilhøyrer dessutan dei få artene av pattedyr som har gift.